Ein haug med sminkepads strikka i diverse bomullsrestegarn. La opp 17 masker og strikka til det blei ein kvadrat eller til det var slutt på garnet. Lure på om dei er tatt i bruk……
mandag 19. mai 2014
Sminkepads
søndag 18. mai 2014
Sitteunderlag 2
Sitteunderlag
Dette fikk Petter – strikka i Cortina, tova og filta P og kopp på. Håpe det kommer til nytte på kalde dagar.
søndag 9. mars 2014
Genser til Sara Elise
Dette er Norgesgenseren som eg strikka til Sara Elise sin 7 – års dag. Den passa perfekt! Genseren er strikka i Falk og mønsteret stod i eit Norsk Ukeblad i haust/tidleg vinter. Egentlig kjekke å strikka, men då eg hadde dampa alle delene og skulle montere den, oppdaga eg ein feil på eine armen. Dermed blei det ein god del arbeid med å rekkja opp og strikke på nytt. Men eg kom i mål og det var kjekt å sjå jentå i genseren, glad og fornøgd.
tirsdag 4. mars 2014
Puta
Denne puta fekk Petter og Katrine då me besøkte dei i starten av vinterferien. Var på “Hobbyhimmelen” og kjøpte tøffe skinnknappar. Den passa veldig godt i den grå sofaen deiras. Strikka i Cortina soft på pinne nr 5,5.
fredag 31. januar 2014
Gave
Desse vottane strikka eg og gav til ho som var min veiledar i praksisperioden min ved Austarheim skule då eg tok videreutdanning innenfor psykisk helse. Var dei litt smale? Nei, trur dei var knallgode!