Viser innlegg med etiketten genser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten genser. Vis alle innlegg

søndag 9. mars 2014

Genser til Sara Elise

 

Dette er Norgesgenseren som eg strikka til Sara Elise sin 7 – års dag. Den passa perfekt! Genseren er strikka i Falk og mønsteret stod i eit Norsk Ukeblad i haust/tidleg vinter. Egentlig kjekke å strikka, men då eg hadde dampa alle delene og skulle montere den, oppdaga eg ein feil på eine armen. Dermed blei det ein god del arbeid med å rekkja opp og strikke på nytt. Men eg kom i mål og det var kjekt å sjå jentå i genseren, glad og fornøgd.

fredag 31. januar 2014

Julegaver 2011

340 kopi

Denne strikka eg til Petter jula 2011. Den blei godt mottatt. tunika jul 2011 2 kopitunika jul 2011 kopi

Denne fekk Sara Elise til jul 2011. Vet ikkje om denne har blitt så mye brukt. Trur vel at det er litt vel varmt med strikka tunika som er tova. Blir veldig tjukk og varm som inneplagg. Men fine var den.

onsdag 15. januar 2014

Norgesgenseren

CIMG4432  CIMG4437

Desse to genserane strikka eg i haust. Ein til Katrine og ein til Stine. Dei er strikka i Dale Falk på pinnar nr 3 og 3,5. 100% rein ny ull og maskinvaskes. Både eg og jentene blei veldig fornøgde med dei. Mønsteret på Norgesgenseren symboliserer markblomar, bølger på havet, kvitkledde fjelltoppar, nordlys og stjernehimmelen.

torsdag 13. juni 2013

Genser

Skappelgenser nummer to er endelig klar og sendt avgårde til Tromsø. Strikka i Muskat 100% Egyptisk bomull,  Merserisert, fra Garnstudio, og Drops Kid-Silk 75 % mohair super kid,  25 % silk. Pinnar nr 5,5.
Spent på korleis den blir  etter noke bruk og et par vask.


onsdag 8. mai 2013

Genser

038 
Genser strikka i Kid-Silk og Essentials cotton. Brukte pinnar nr 5,5.