torsdag 16. januar 2014

Tova julegaver

Desse isskrapevottane blei strikka og tova til julegaver. Nå er det berre ein lyst å stå ute å skrapa bilrutene har eg hørt…..Kjekt når ting ein lagar blir tatt i bruk av fornøgde mottakerar.

Tova løper til julegave

CIMG4482

Denne løperen er strikka i Cortina. Tova og deretter filta pynt på med garn. Samen med eit par blå lys blei dette ei fine julegave syns eg iallefall sjøl.

onsdag 15. januar 2014

Norgesgenseren

CIMG4432  CIMG4437

Desse to genserane strikka eg i haust. Ein til Katrine og ein til Stine. Dei er strikka i Dale Falk på pinnar nr 3 og 3,5. 100% rein ny ull og maskinvaskes. Både eg og jentene blei veldig fornøgde med dei. Mønsteret på Norgesgenseren symboliserer markblomar, bølger på havet, kvitkledde fjelltoppar, nordlys og stjernehimmelen.

Julegave til Astrid

CIMG4464 kopi

Denne brikka er strikka i Cortina kjøpt på Coop Extra. Etter toving pynta eg den med fleirfarga Canto-tråd. Kjekk julegave!

Julegave til Sara Elise

CIMG4466 
Dette settet består av løs hals, pulsvarmerar, leggvarmerar og lue. Strikka i neonfargar. Det blei godt motatt!

søndag 4. august 2013

Nå går det i puter

Har sett så mange flotte puter som andre har strikka. Nå måtte eg og lage eit par. Blei veldig godt fornøgd - det blir nok fleire etterkvart.
 
 
 
 
 
 
 
Denne er strikka i blandingsgarnet Oda. 50% ull og 50% akryl. Har sydd igjen oppe og nede. Det kan bli ein utfordring når den skal vaskast. Garnet var godt å strikka av, men var lite tvunna. Løyste seg opp og rauk tvert av under montering.
 
 
 
Puta nr 2
 
 
 
 
Denna er strikka i Fritidsgarn. 100% ull - og må håndvaskast. For å lette litt på arbeidet har eg laga opning med klaff og knappar. Kva som er framme og bak får dei som skal eiga den bestemma.