tirsdag 28. januar 2014

Puter som julegaver

Det blei strikka ein del puter som julegaver jula 2013. Alle med knapper sånn at det skal vera lett å ta av trekket og vaske det. Dei to heilt til venstre er andre sida av dei to i midten. Bilde nummer to fra venstre viser to puter som eg viser nærbilde av på eit anna innlegg her. Enkle – uten fletter – men likevel ganske så stilige. Dei to bildene til høgre viser begge sidene av to puter i lilla. en eine med fletter og den andre kun med riller. Har brukt ulike sorter garn her.

Oppvaskekluter

CIMG4191 kopi

torsdag 16. januar 2014

Tova julegaver

Desse isskrapevottane blei strikka og tova til julegaver. Nå er det berre ein lyst å stå ute å skrapa bilrutene har eg hørt…..Kjekt når ting ein lagar blir tatt i bruk av fornøgde mottakerar.

Tova løper til julegave

CIMG4482

Denne løperen er strikka i Cortina. Tova og deretter filta pynt på med garn. Samen med eit par blå lys blei dette ei fine julegave syns eg iallefall sjøl.

onsdag 15. januar 2014

Norgesgenseren

CIMG4432  CIMG4437

Desse to genserane strikka eg i haust. Ein til Katrine og ein til Stine. Dei er strikka i Dale Falk på pinnar nr 3 og 3,5. 100% rein ny ull og maskinvaskes. Både eg og jentene blei veldig fornøgde med dei. Mønsteret på Norgesgenseren symboliserer markblomar, bølger på havet, kvitkledde fjelltoppar, nordlys og stjernehimmelen.

Julegave til Astrid

CIMG4464 kopi

Denne brikka er strikka i Cortina kjøpt på Coop Extra. Etter toving pynta eg den med fleirfarga Canto-tråd. Kjekk julegave!

Julegave til Sara Elise

CIMG4466 
Dette settet består av løs hals, pulsvarmerar, leggvarmerar og lue. Strikka i neonfargar. Det blei godt motatt!