søndag 9. mars 2014

Genser til Sara Elise

 

Dette er Norgesgenseren som eg strikka til Sara Elise sin 7 – års dag. Den passa perfekt! Genseren er strikka i Falk og mønsteret stod i eit Norsk Ukeblad i haust/tidleg vinter. Egentlig kjekke å strikka, men då eg hadde dampa alle delene og skulle montere den, oppdaga eg ein feil på eine armen. Dermed blei det ein god del arbeid med å rekkja opp og strikke på nytt. Men eg kom i mål og det var kjekt å sjå jentå i genseren, glad og fornøgd.

tirsdag 4. mars 2014

Puta

Denne puta fekk Petter og Katrine då me besøkte dei i starten av vinterferien. Var på “Hobbyhimmelen” og kjøpte tøffe skinnknappar. Den passa veldig godt i den grå sofaen deiras. Strikka i Cortina soft på pinne nr 5,5.

onsdag 19. februar 2014

Babysett

CIMG4716 kopi

Dette settet starta eg på i juni 2013 og gjorde ferdig februar 2014. Tok lang tid, men eg har strikka masse innimellom dette. Settet er strikka i Sandnes Garn DUO. Pinnar nr 3,5.  Detter er et garn som består av 55% merinoull og 45% bomull. Herligt garn, men veldig laust spunne og vanskeligt å få det jevnt. Håpe det blir finare når det blir vaska. Mønsteret har eg kjøpt via nettet: dukkesiden.net

fredag 31. januar 2014

Gave

061 kopi

Desse vottane strikka eg og gav til ho som var min veiledar i praksisperioden min ved Austarheim skule då eg tok videreutdanning innenfor psykisk helse. Var dei litt smale? Nei, trur dei var knallgode!

Julegaver 2011

340 kopi

Denne strikka eg til Petter jula 2011. Den blei godt mottatt. tunika jul 2011 2 kopitunika jul 2011 kopi

Denne fekk Sara Elise til jul 2011. Vet ikkje om denne har blitt så mye brukt. Trur vel at det er litt vel varmt med strikka tunika som er tova. Blir veldig tjukk og varm som inneplagg. Men fine var den.

En julegave?

031 kopi

Denne vinflaska i strikka og tova “pose” var kanskje en julegave julen 2011? Den er iallefall gitt vekk.

torsdag 30. januar 2014

Vest til Sara Elise

018 kopi 085 kopi

Denne vesten strikka eg til Sara Elise då ho var 5 år. Kjekk å strikke og du verden så glad ho blei!