Denne kluten strikka eg når eg var på tur til Tromsø. Alltid kjekt å ha noken liggjande på lur.
mandag 19. mai 2014
søndag 18. mai 2014
Sitteunderlag 2
Sitteunderlag
Dette fikk Petter – strikka i Cortina, tova og filta P og kopp på. Håpe det kommer til nytte på kalde dagar.
søndag 9. mars 2014
Strikka skjerf
Kjøpte ein “artige” tråd på Joker-butikken på Knapphus for lenge siden. Strikka meg eit skjerf av det. Det blei mjukt og godt og ganske spesielt. Burde hatt eit nøsta til, for det er litt kort. Garnet heiter Flower og er fra Viking. 60% acryl, 35% polyester og 5% ull. Anbefalt pinner er 6 – 7. Nå må eg berre festa trådane (det er så kjedeligt!!).
Genser til Sara Elise
Dette er Norgesgenseren som eg strikka til Sara Elise sin 7 – års dag. Den passa perfekt! Genseren er strikka i Falk og mønsteret stod i eit Norsk Ukeblad i haust/tidleg vinter. Egentlig kjekke å strikka, men då eg hadde dampa alle delene og skulle montere den, oppdaga eg ein feil på eine armen. Dermed blei det ein god del arbeid med å rekkja opp og strikke på nytt. Men eg kom i mål og det var kjekt å sjå jentå i genseren, glad og fornøgd.
tirsdag 4. mars 2014
Puta
Denne puta fekk Petter og Katrine då me besøkte dei i starten av vinterferien. Var på “Hobbyhimmelen” og kjøpte tøffe skinnknappar. Den passa veldig godt i den grå sofaen deiras. Strikka i Cortina soft på pinne nr 5,5.
onsdag 19. februar 2014
Babysett
Dette settet starta eg på i juni 2013 og gjorde ferdig februar 2014. Tok lang tid, men eg har strikka masse innimellom dette. Settet er strikka i Sandnes Garn DUO. Pinnar nr 3,5. Detter er et garn som består av 55% merinoull og 45% bomull. Herligt garn, men veldig laust spunne og vanskeligt å få det jevnt. Håpe det blir finare når det blir vaska. Mønsteret har eg kjøpt via nettet: dukkesiden.net